Kapittel 8; rekruttering og utdanning

 

Innhald

Rekruttering og utdanning

Ein kommune eller ein stad som har eit godt omdømme, vil styrke sin attraktivitet som bustad, som område å besøke og som ein region det er attraktivt å investere i. Eit omdømme er ikkje nødvendigvis kva vi meiner eller hevder å vera, men summen av korleis omverda oppfattar oss. Med andre ord er eit omdømme meir avhengig av kva vi faktisk er og gjer, enn kva vi gjennom slagord og symbol ønsker å vera. Alle som bur i kommunen, er med på å utforme kommunen sitt omdømme. Surnadal kommune har mangla ein felles struktur og idè omkring å bygge omdømme.

For å bygge omdømme og identitet bør det utviklast eit samarbeid mellom kommunen, lag, skular og frivillige.

Eit kommuneomdømme har to variantar:

  1. Kommunen sitt omdømme som offentleg verksemd.
  2. Kommunen sitt omdømme som lokalsamfunn.

Eit godt omdømme for kommunen som offentleg verksemd gir motiverte medarbeidarar, lågare sjukefråvær og kvalifiserte jobbsøkjarar.

Media er både ein trussel og eit høve for å styrke det kommunale omdømet. Politikarar og tilsette bør vera medvetne korleis dei kommunisere, både med omverda og med media. Ikkje berre når dei blir spurde, men også vera den som set dagsorden. Andre sider ved media, som bloggar, formidlar i for mange samanhengar ein negativ bodskap. Vi har eit allsidig arbeidsliv med mange ulike typar kompetansebehov. Det er ei utfordring å få bedriftene til å vise kva dei har, og kva dei kan bruke av kompetanse. Sommar- og helgejobbar er viktig for at ungdomen skal kunne få arbeidspraksis og nærare kjennskap til næringslivet i kommunen.

Vi bør bli flinkare til å ta imot nye innbyggarar, slik at dei blir kjende med folk og lokalsamfunn. Det kan vera ei utfordring for nyinnflyttarar å sette seg inn i det som kommunen har å tilby av tenester og fritidstilbod. Det hadde vore tenleg med ein tilflyttingsvert eller liknande person som kunne følgje opp innflyttarane samt drive informasjonsarbeid og haldningsarbeid slik at alle surnadalingar blir meir bevisst vertskapsrolla og vil stå fram som eit betre vertskap. Middagsvener, fadderordningar og liknande er tiltak som vil gjere det lettare for nyinnflyttarar å tilpasse seg lokalsamfunnet.

Vi bør alle vera gode ambassadørar for heimplassen vår. Dette er noko vi alle kan tenke på, både om vi bur i kommunen eller er utflytta. Det er derfor viktig å legge til rette for at ein kan halde oppe kontakten med dei som veks opp i kommunen, bur eller har budd her og spele på dei verdiane og opplevingane vi har felles. Kommune og næringsliv bør saman sjå på korleis ein kan halde kontakten med denne målgruppa. Facebook og digitale media blir sett på som viktige for å halde kontakt med ungdomane. 

Det blir svært viktig å forankre arbeidet med ei framtidig omdømmeplan både i næringslivet, lag og organisasjonar og blant folk flest. Kommunen skal stimulere til samarbeid mellom næringsliv, offentleg sektor og andre aktørar, slik at vi kan finne løysingar som gjer at folk ønsker å bu her, styrke lojalitetsbanda til kommunen og sikre eit robust folketal. Det skal vera særleg fokus på barn og unge og personar i etableringsfasen. Vi må ikkje gløyme at det også er svært viktig å ta vare på dei som allereie bur her. Ikkje minst er det viktig å ha eit lokalsamfunn som er attraktivt for kvinner.

Mål og strategiar

Mål

  • Å vera ein attraktiv plass å flytte til og koma heim til som arbeidstakar og fastbuande
  • Ha fleire gode utleigeeiningar
  • Ha rett kompetanse til rett tid både for næringslivet og for kommunen som arbeidsgjevar
  • Ha nok helsepersonell til å ivareta den aukande del av eldre i kommunen
  • Ha ein solid vidaregåande skule med fagtilbod som næringslivet og kommunen treng
  • Ha eit tettare samarbeid med NOFO (Nordmøre Folkehøgskule) både som tilbydar av kursverksemd og som ein viktig institusjon i bygda
  • Ha eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonar som Høgskule, Campus Kristiansund og NTNU

Strategiar

  • Arbeide for at dei som bur og veks opp i kommunen skal oppleve sterk bulyst, og på den måten utvikle sterk identitet og lojalitetsband til kommunen
  • Arbeide for ei gjenkjennbar marknadsføring gjennom tekst og bilde i flest mogleg media og blant flest mogleg aktørar i vår felles bu- og arbeidsmarknadsregion
  • Støtte opp om gründerar og hjelpe til med å realisere gode idear gjennom ei positiv haldning, tilgang på risikokapital og legge til rette for næringsareal
  • Aktivt rekruttere innbyggarar og arbeidskraft gjennom å profilere kommunen med alt det positive vi har å by på, og som gjer kommunen til ein god stad å leve og arbeide
  • Dei som flytter til kommunen må ofte ha ein jobb å gå til. Spesielt næringslivet blir utfordra til å synleggjere kva dei har å tilby elevar/ungdom og nyutdanna unge
  • For å kunne marknadsføre heile kommunen breitt og tilgjengeleg, må vi opprette ein felles nettstad/PORTAL, med sider på dei språka som er aktuelle til marknadsføring , og desse må vera jamt oppdaterte

Berekraftsmål

Å oppretthalde folketalet er oppgåve nr. ein for kommunen. Dette vil gjere oss meir robuste økonomisk, men også sosialt. Slik vil vi kunne oppretthalde eit godt kulturtilbod, og lag og organisasjonar vil kunne oppretthalde aktivitet og tilbod, som er ein føresetnad for å gi gode opplevingar og arenaer for trivsel og menneskeleg utvikling.

Innspel frå politikarar og næringsliv

formannskapet 

Næringslivwebinar