Kapittel 7; Kulturell og kreativ næring

 

Innhald

Kulturell og kreativ næring

Kulturell og kreativ næring er eit samleomgrep på næringsverksemd som framstiller kulturelle uttrykk. Desse blir primært kommunisert gjennom estetiske verkemiddel som symbol, teikn, bilde, farge, rørsle, form, lyd og forteljing. Med andre ord finn vi desse områda tilknytta omgrepet: visuell kunst, utøvande kunst, musikk, litteratur, film, dataspel, TV og radio, trykte media, arkitektur, design og reklame.

Statleg fokus

Regjeringa si satsing for å styrke kulturell og kreativ næring, blir styrt gjennom Innovasjon Norge, Norwegian Arts Abroad og Kulturrådet. Målet er ein koordinert innsats på området. Innovasjon Norge rettar tiltaka sine mot bedrifter med vekstambisjonar og -potensial, medan Norwegian Arts Abroad bidreg til å styrke marknadsføring og sal av norsk kunst og kultur internasjonalt. Kulturrådet bidreg til at norske kunstnarar og kulturaktørar oppnår auka inntekter gjennom kunstnarisk verksemd, gjennom kompetanseprogram og tilskot til prosjekt.

Status kulturnæring i Surnadal

Om ein søkjer i Brønnøysundregistra, finn ein at det per august 2020 er registeret 65 firma med forretningsadresse Surnadal som kjem inn under definisjonen. Det er registrert 56 tilsette fordelt på 8 AS og eit enkeltmannsføretak. Når ein ser på dei 48 enkeltmannsføretaka kan ein anslå at det er 10 personar som “lever” av denne næringa, medan 38 har det som ei attåtnæring. Det vil seie at det omlag er 65 tilsette innanfor kulturell og kreative næring i Surnadal. Da har ein ikkje rekna inn offentlege tilsette ved kultur/kino bibliotek/ kulturskule  eller tilsette i frivillige organisasjonar i denne oversikta, da desse per definisjon ikkje fell inn under næringsomgrepet.

I byrjinga av 2000-talet kom omgrepet kulturnæring på banen, av tabellen ser vi at det har vore ei sterk auke i etablering av firma etter 2010. Det er fleire kunstnarar som har etablert seg i Surnadal dei siste åra, og fleira av dei samarbeider om prosjekt innanfor formidling og reiseliv. Dei samarbeider òg med kunstnarar nasjonalt og internasjonalt. Det er eit mål om å koma inn i ordningar som er EU-finansierte og som går på samarbeid med tilsvarande bedrifter i EU-land.

Det er oppretta 21 nye føretak i denne planperioden, fordelt på 17 ENK/3 AS/1 DA

Norsk kulturindeks består av 10 kategoriar og 38 delindikatorar. Dei to første hovudkategoriane tar for seg dei som arbeider med produksjon av kunst og kultur. I Norsk kulturindeks for 2019, finn vi meir om Surnadal:

Alle tabellane nedafor indikerer kor stor del av befolkninga som er medlem av ein kunstnarorganisasjon, og som dermed kan sjåast på som ein profesjonell kunstnar, eller kor mange som er sysselsett innan kulturformidling eller kunstnarleg produksjon.

 Kjelde: Creo, Folkorg, Gramart, NOPA, Norsk Jazzforum og Norsk komponistforening. FFF, Grafil, NIL, Norske billedkunstnere, Norske husflidshåndverkere, Norske kunsthåndverkere og UKS.

 Kilde: SSBs sysselsettingsstatistikk på fem-siffernivå (SN2007).

Om vi for enkelheits skuld bruker måltalet 6 000 innbyggarar, så har vi i overkant av 4 visuelle kunstnarar per 2019 og om lag 10 musikarar/komponistar. 18 personar arbeider med kulturformidling og om lag 11 personar arbeider med kunstnarleg produksjon i Surnadal.

Henta frå dokumentet Kunstpolitikk for Møre og Romsdal: “Kunst er ei viktig drivkraft for regional samfunnsutvikling, og ikkje minst ein sentral fellesskapsbyggjar. Kunst skaper og utviklar verdiar i samfunnet i vid forstand. Ut over økonomi, er verdiskapinga knytt til identitet, kompetanse og kunnskap, meiningsdanning og oppleving”.

“Verdiskaping i kulturell og kreativ næring profesjonell kunstproduksjon og -formidling er definert inn i kulturell og kreativ næring i Statistisk sentralbyrå si næringsgruppering. Ei kartlegging frå 2014 viser positiv vekst i verdiskapinga i næringa for hele perioden 2008 – 2014. I 2016 hadde kunstområda musikk, litteratur, visuell kunst og scenekunst nasjonalt ei samla omsetning på 13,7 milliardar kroner. Tala viser at den totale omsetninga veks kvart år. Trass dette, viser utgreiingar ein realnedgang i kunstnarleg inntekt frå 2006 til 2013. For mange kunstnarar har inntektskurva gått nedover, medan svært mange andre opplever ein kraftig lønnsvekst. Auka satsing på kreative næringar kan medverke til at dette blir endra”.

Surnadal kommune vil saman med næringa bidra til at ein har fokus på aktivitetar, teknologi og utstyr som bygger opp under FN sine berekraftsmål, både når det gjeld miljø og mindre forureining. Vi skal ha ei næring som ikkje diskriminerer eller bygger opp under ulikskap på anna vis i samfunnet. Til sist vil ein prøve å få inn sirkulærøkonomi - evig vekst er ikkje ei målsetting. Når ein kjem til tiltaksdelen må ein sjå på berekraftsmåla som ei rettesnor.

Mål og strategiar

Mål

  • I Surnadal kan ein leve av kunsten, og kommunen skal vera ein myldreplass for kreative næringar
  • Næringa står solid i Surnadal, med eit mangfald av driftsmåtar og retningar. Vi har både enkeltmannsføretak og firma med fleire tilsette som har gode kår
  • Det er ein stor grad av internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt samarbeid innafor næringa

Strategiar

  • Vi har arena for faglege møteplassar og nettverksbygging med fagleg fokus og kompetanseheving
  • Vi har utstyr som ikkje forureinar, det blir gitt støtte til teknologi som er berekraftig
  • Vi samarbeider om å legge til rette for kunstproduksjonar, kunstnarpraksisar og produksjonslokaler, som på sikt vil gir økonomiske ringverknadar i lokalsamfunnet
  • Legge til rette for samarbeid på tvers innanfor næringa, med verkemiddelapparatet og tilskotsportal i Norge og i EU mfl

Berekraftsvurdering

Å legge til rette for at aktive kunstnarar bur, arbeider og formidlar arbeidet sitt lokalt vil vera bra både direkte og indirekte, dvs. vera positivt i seg sjølv for lokalt næringsliv og gi kortreiste kunstopplevingar for innbyggarane. Positive kultur- og kunstopplevingar saman med andre er bra for helsa. Eit godt lokalt kunst- og kulturtilbod vil kunne redusere reiser ut av kommunen.

Innspel frå politikarar og næringsliv

 Næringslvi