Kapittel 9; Samarbeid for å nå måla

Klikk for stort bildeSuSu - næringssamarbeid Lediard Foto   

Innhald

Samarbeid for å nå måla

Samarbeid for å nå måla er FNs 17. berekraftsmål, og handlar om tre nivå:

  1. Samarbeid internt
  2. Samarbeid med andre kommunar
  3. Samarbeid med sivilsamfunnet

I ein stor organisasjon som Surnadal kommune med mange ulike fagavdelingar er det heilt avgjerande at ein kan samarbeide på tvers. Det er viktig å sette kunden i fokus og innrette seg slik at ein kan løyse dei behova som er viktig for innbyggjarane.

Ein person eller ei avdeling vil nesten i alle situasjonar vera avhengig av andre i organisasjonen for å utføre ei teneste, eller det vil få konsekvensar for fleire i organisasjonen. Da er det viktig at kommunikasjon og struktur er slik at dette kan bli gjort på beste måte.

Surnadal kommune har samarbeidd med andre kommunar i mange år, og det er fleire tital samarbeidsarenaer som anten er forankra i lovverk eller som også kan vera i ein meir uformell kontekst.

I næringsutviklingsamanheng har kommunen samarbeidd med Sunndal kommune i programmet SuSu. Dette har vore avtalefesta med 2 x 4 års varigheit. Avtalen som ein har no, går ut i 2021 og skal opp til ny vurdering hausten 2021.

Samarbeid med Surnadal Næringsforening er særs viktig for å få forankra strategiar og tiltak i tråd  med næringslivet sine behov. Dette vert gjort både i kommunal samanheng og i det interkommunale næringsarbeidet saman med SUNS (Sunndal Næringsselskap AS).

Det frivillige arbeidet som skjer i kommunen har stor betydning og kontakten mellom lag og foreningar skjer gjennom kultureininga. Viktige tiltak som gir bulyst slik som kulturtilbod og idrettsanlegg, blir stimulert gjennom kulturmidlar og spelemidlar.

Berekraftsvurdering

Klikk for stort bildeBerekraftsmål nr. 17 er eit gjennomgåande mål og er ein føresetnad for å oppnå miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. For å snu dagens utvikling i berekraftig retning må heile samfunnet endre seg, og da må alle med. Da vil samarbeid vera viktigare enn nokon gong for å skape forståing og oppslutning.