Informasjon om høyringa
Kommunestyret har behandla saka i møte 26.06.2025 sak 40/25:
Vedtak: Forslaget til effektivisering og moglegheiter for innsparing i oppvekstsektoren vert lagt ut til offentleg høyring. I tillegg vert forslaget sendt ut til aktuelle foreldreråd og -utval i skule og barnehagar. Det vil bli lagt særleg vekt på sikre uttalar frå elevråd og ungdomsråd i prosessen.
Målgruppe for høyringa:
Målgruppe for høyringa er barn og unge gjennom elevråd og ungdomsråd og foreldre gjennom FAU og SU.
I tillegg vil høyringa bli lagt ut på heimesida til kommunen. På den måten vil høyringa vere open for alle som ynskjer å kome med innspel.
Høyringa er open for alle som ønskjer å kome med innspel. Særleg vekt blir lagt på barn og unge sine stemmer, gjennom høyringar i elevråd, ungdomsråd og samarbeidsutvala (SU/SSU). Dialogforum vert gjennomført ved alle skulane i perioden 25.-31.08.2025 (veke 35).
Einingsleiar ved skular og barnehagar vidaresender høyringsnotatet med vedlegg til foreldras arbeidsutval (FAU), samarbeidsutval (SU), tillitsvalde og verneombod ved barnehagane i kommunen.
Einingsleiar ved dei enkelte skulane sørgjer for at det vert kalla inn til møte i barnehagens samarbeidsutval (SU) og at medlemmane får saka med vedlegg utsendt på førehand.
Ein ber om skriftleg tilbakemelding frå utvala det gjeld. Andre som ønskjer det, kan også kome med uttale.
Uttale sendes på epost til post@surnadal.kommune.no
Frist for å sende inn høyringsinnspel er 15.09.2025.
Surnadal kommune vil vurdere alle innspel som kjem inn i høyringsperioden.
Les heile høyringsnotatet (PDF, 184 kB)
Les høyringsdokumentet Skule for framtida - grep for kvalitet og økonomisk berekraft (PDF, 951 kB)